Lars Asgautson

Mand ca. 1590 - 1658  (~ 68 år)


Personlige oplysninger    |    Notater    |    Alle    |    PDF

  • Navn Lars Asgautson 
    Født ca. 1590  Jørstad, Stjernarøy, Rogaland, Norge Find alle personer med begivenheder på dette sted 
    Køn Mand 
    Død 1658 
    Person-ID I8525  Ancestor
    Sidst ændret 1 jan. 2014 

    Familie Siri Olsdatter,   f. 1596, Aukland, Hjelmeland, Rogaland, Norge Find alle personer med begivenheder på dette sted,   d. 1644, Finnøy, Rogaland, Norge Find alle personer med begivenheder på dette sted  (Alder 48 år) 
    Børn 
     1. Ola Larsson,   f. 1626, Jørstad, Stjernarøy, Rogaland, Norge Find alle personer med begivenheder på dette sted,   d. ca. 1690, Jørstad, Stjernarøy, Rogaland, Norge Find alle personer med begivenheder på dette sted  (Alder 64 år)
    Sidst ændret 24 mar. 2018 
    Familie-ID F2823  Gruppeskema  |  Familie Tavle

  • Notater 
    • Lars Asgautson er nemnt i 1617 som eigar av Hamra i Erfjord der han åtte ½ laup smør (halve Hamra), ½ laup smør i Fevoll, 3 mark i Hovda og ½ vett korn i Haga på Jæren. Det har av og til vore hevda at Lars er ætta frå Hamra.
      I åra 1673 og 1676 var det framme på tinget ei større sak "om Hamres åsete", og då spesielt om det var Lars Asgautson Jørstad eller Tore Hallvardson Hamra si mor som var den eldste syster i syskenflokken som hadde retten til Hamra. Av saka forstår vi at det var morfar til Lars Jørstad og Tore Hamra som tok garden opp av øyde, men ein kjenner ikkje til namnet hans.
      Han budde på Jørstad frå 1618 og til han døydde ikring 1660. I følge jordebok over Bergen Domkyrkje sitt apostelgods for 1636 var landskylda Lars betalte av Jørstad på 4 laupar smør. I 1627 betalte Lars 3 dalar i skatt.
      Utanom Jørstad, der han berre var leiglending, åtte Lars mykje jordegods rundt ikring. Den 7. des. 1632 kjøpte han 1 laup smør i Birkeland i Sauda for 121 riksdalar. Dette vart seinare delt som arv mellom to av døtrene hans, Rønnaug og Borghild. Den 25. juni 1658 selde han ½ laup smør i Håland i Erfjord til Ola Larsson Håland. Dette var truleg morsarven hans derfrå. I 1661 åtte enka gods i Bergeland, Bandaberg, Hamra, Eggja, Ås og Vareberg, tilsaman 4 laupar og 28 merker smør. Dessutan åtte sonen Lars 1½ laup smør i Fjetland og Vareberg. Om det var arv, noko som er rimeleg, då må Lars Asgautson ha ått omlag 16 laupar smør. Lars var lensmann i Jelsa skipreide 1637-1640.
      Han døydde i tidsromet 1658-1661. Jørstad vart delt i to bruk i dei siste leveåra åt Lars Asgautson, eller om det og kunne vere etter hans død. Sonen Lars vart ved det gamle hovudtunet i nedre garden. Lars hadde 8 barn i første ekte og tre barn i andre.